Det Fronske Kompani

Det Fronske Kompani er eit folkpop/rockband frå Gudbrandsdalen med tekster på kav døl.

Det Fronske kompani vart starta vinteren 2014 som eit resultat av at låtskrivar Vegard Moshagen øydela akillesen. På lasarettet var det god tid til å gruble ut vakre melodiliner inspirert av folkemusikken frå Gudbrandsdalen, og under medsoldat Bjørn Kjellsson Slettens mange sjukebesøk voks tekster om livet på landet saman med musikken.

Same vinter fekk dei stabla på føtene eit kompani beståande av nokre av dei mest skarpladde musikarkanonane frå Gudbrandsdalen og omegn: Sauebonde Ragnar Løsnesløkken er klippefast i trua og stødigare på bass enn dei fleste. Øystein Rudi er kulturentreprenør, humørspreiar og Spellemannpris-grossist på fele. Når trommeslagar Thomas Gallatin ikkje spelar med Morten Abel, Marit Larsen eller andre byfolk, er han tamburmajor i Det Fronske kompani. Strengemaestro Marius Graff har spelt med Lillebjørn og Jan Eggum. Nå spelar han gitar, mandolin og banjo med kompaniet.

Tekstene på klingande gudbrandsdalsdialekt er ein kommentar til verda og livets små og store bøygar, kampar som skal kjempast, sigrar vi vinn, slag vi må tåle. Om den vanskelege kjærleiken. Om den herlege kjærleiken. Om bilkjøring, nett-troll og lengten ut, til naturen. Musikken vekslar frå det vare, nære og mollstemte til det fartsfylte og festlege – alltid med eit takknemleg nikk til tradisjonen og folkemusikken.

Det Fronske kompani har spelt på låvefest og i stavkyrkjer, på fjelltoppar og på sjølvaste Rockefeller. I 2017 gjev dei ut si fyrste plate, «Ut».

Meget bra helg i studio med Det Fronske Kompani!Pre-produksjon for debut-plata😊Vi gler oss til å dele resultatet med døkk i løpet av året!

Vi er meir enn klare for Dølatreff i helga! Håper på eit Rockefeller fullt av feststemte dølar!

Nokre Glimt frå konsertførebuingar med Det Fronske på Rudi i dag ... øving og frakting av piano med traktor. PS: Vi kjem att åt Rudi 8. august-kom døkk au! #Aldrieitkjedelegøyeblikk #Variertearbeidsoppgåver #Bygdenoreg

Her ved vakre Gålåvatnet spelar vi på søndag 2. august kl 12,saman med Stein Torleif Bjella-vi lovar stor (Morgon)stemning!

Vi hadde ei strålande oppleving søndag kveld, da vi spelte for ei fullsett Ringebu stavkyrkje. Takk åt alle som tok turen! Søndag kl 12 står vi igjen på scena, denne gongen på Morgenstemning ved Gålåvatnet saman med Stein Torleif Bjella. Vi gler oss!

Takk for i går, Rondaståk!

Videos (See all)

Genres

Band Members

Vegard Moshagen (tangentar)
Bjørn Sletten (vokal og gitar)
Ragnar Løsnesløkken (bass)
Øystein Rudi (fele)
Thomas Gallatin (trommer)
Marius Graff (gitar, mandolin, banjo)

Hometown

Other Gudbrandsdalen Artists
Ashburn Artists